torsdag 16. juli 2009

Halloen.
No kjem litt nytt fra meg. No er da ferie og me har vert i Seljord og leigt hytte der i lag med ein anna familie. Var i sommerland i Bø 2 dager så her fekk dei bada masse. Så kjørte me til Evje og var der ei natt. Gutane ville kjøre gokart så da måtte me jo prøve. Lagt ut litt bilder som de kan sjå kor kjekt dei hadde da.

Morten og på gokart. Han måtte på ei litt mindre bane enn kjetil. men jammen gjekk da ikkje fort her og.


Kjetil på gokart. Han hadde det kjempe morro. Fort kjørte han og så eg skalv litt


sommerland




onsdag 17. juni 2009

Islandsturen 11-14 juni 09








Me kom til Island 11 juni og kjørte rett til den Blå lagune. Det var ein flott opplevelse. Der kunne eg tengt å lagt lenge. På fredagen utforska me Islands handtverk. Dei hadde utruleg mykje fint. I den gata kunne me ha vert meir enn ein dag, men da hadde vell minibank korte streika:). På lørdagen var me på utflukt i 8 timer. Kjørte buss rundt og var innom mange flotte plasser som å sjå Strokkus som er bilde av her. Så var me jo på Perlan og åt middag. Ein flott opplevelse. Nei dette var ein tur som må opplevast.







tirsdag 2. juni 2009

litt nytt fra meg

Hei igjen. No er det er stund siden eg har vert å skreve noko her. Det går i jobbing og når eg har fri så har det godt i ett med unger som skal på forskjelligt. Så har eg vert på verstad med bilen og kom heim med leigebil. Fann ein lekasje som må ordnas, ja,ja alltid noko. Har og vert på dugnad i huset til Annette. I pinstihelga hadde eg med Amalie og Markus til Grinde i vogna, så dei fekk flytta i nye huset i fred. Me hadde det veldig kjekt og da flotte veret da. Sol fra klar himmel, kan det bli betre. Så var det så kjekt at dei hadde fylt basenget til denne helga. Ungane bada og kosa seg, om det var kalt så gjorde hvist det ingen ting. Ellers så gler eg meg til sommarferien som skal nytas. Har ingen planer, men det tar me på sparket. Ja,ja dette var ein liten oppsumering fra tilstanden her.

søndag 17. mai 2009

17 mai







Her er me i 17 mai feiringa. Litt rart at storegutten Kjetil no er ferdig med barneskulen. Da er det å bera flaggborga. No er da ungdomskulen for han. Ellers så har me gått tog rundt vatne som vanligt i strålanes ver. Etterpå bar det opp til skulen og åt suppe. Eg hadde ansvar for kake salg så eg har kokt kaffi til den store gullmedalje. Ellers så gjekk da fint, men trøtt i beina. Godt det er 2 år til neste gang me skal vera i noko komite. Ellers så har alle sammen hadt ei flott 17 mai feiring



lørdag 16. mai 2009

vekeraport

Så er det lørdag og ein nydelig dag. Denne veka har godt med til jobbing, på arbeid som heime.Så har eg fått scrappa litt i da nye rommet mitt. Der koser eg meg kan de tru. Bunadskjorta/forkle er stråke til 17 mai og ungane sine kler er klar. Så no er da kaka som gjenstår til feiringa på skulen i morgen. Har ein i 7.kl så da er det vår tur. Har ansvaret for kafedrifta så eg får ein travel dag. Så er plantene kommet i krukker ute og mannen er i full sving med hagearbeid. Kan det bli betre. Skal på jobb no, men får nyte resten av dagen når eg kjem heim.

torsdag 14. mai 2009

Scrappa i dag




































Litt fra Sivert og fra Marielle sin album. Så kvar sin til Kjetil og Morten. Fått scrappa litt i dag når me hadde så overskya ver og litt kalt synes eg.

lørdag 9. mai 2009

Anne og Stian 9 mai 09


Eit flott brudepar. Dei ble viet i Bremnes kyrje i dag kl 14.00. Det var veldig kalt ute i dag så dei fraus godt.
















Bryllupskorte til Anne og Stian. Ble kjempe fornøyd

uke raport

Ja så er det endelig helg. Skal ha ei rolig helg håper eg. Fekk Kjetil heim fra leirskule i går så no går vaskemaskina for fullt. Veka den har gått med til jobbing og så hadde eg klubb på onsdag. Kjempe kjekt med besøk fra Fitjar. I dag (lørdag) skal eg i kyrkja å sjå på Anne og Stian gifter seg. Så får eg sjå om eg får ein tur på scrapperommet mitt for å lage nokre sider. Lenge siden eg har lagt noko no. Godt litt i kort i da siste, konfirmasjon og bryllupskort. kjekt da og. God helg alle venner.

torsdag 7. mai 2009

Scrappesider



Eg lager album til Sivert og dette er vinterbidraget. Eg er fadder på han så derfor lager eg album til sjønningen til tante

Dette er eg veldig fornøy med. Vegar med Markus og Amalie mitt i spelinga

Dette er av Amalie. Eg hadde det med i ein konkuranse, men nådde ikkje opp


Morten i farta. Man er ikkje vanskelig å ta bilde av

scrappesider


Dette er av Kjetil og eg er veldig fornøyd. Takk til Mona som sente med skissa

onsdag 6. mai 2009

Herlige barnebarn


Eg er så heldig å ha fått 4 skjønne barnebarn. Markus han er alt blitt 9 år og han liker å spela fotball. Jonas han er snart 8 år og han er det berre fotball som gjelder. Godt opplært av faren. Noah er snart 5 år og han er ein liten spelemann. Nintendo wii speler han på alltid om han har sjangs. Prinsesso da, Amalie. Ho er ei lita prinsesse og det seier ho sjølv og. Leker med dukka Viviann og ellers det som ein snart 4 åring gjer. Markus og Amalie bur på Fitjar, mens Jonas og Noah bur på Bømlo. Jammen er eg heldig som har dei så nerme meg

tirsdag 5. mai 2009

Morten


Her er Morten. Han er snart 11år. Ein skøyer og liker å erta. Han er fotballfrelst så fritida hans går med til trening og kamper. Er det fotball på tv så er det kamå om kven som får sjå. Men skal Brann spela er det ikkje et diskusjonstema eingong. For Brann er laget med stor B. Så er det jo Manchester United. Men eg trur brødrene har et ord med i dette, for ingen kjem klar der. Ein aktiv gut får ein sei. Men han liker og å spela på dataen, men ikkje så mykje som broren sin.

Kjetil


Her er Kjetil som er snart 13 år. Han skal på ungdomskulen til høsten og det synes eg er veldig rart. Tida den fyk. Ja så er han kommet i pubertet`s alderen og det er ikkje så enkelt. Humørsvinginger som fy, men som mor til 3 eldre så veit eg at det går over heldigvis. Han er datafrik, så den vil han helst vere på heile tida.

mandag 4. mai 2009

ny arbeidsveke

No har eg kommet heim fra ein ny arbeidsdag, det er lenge å vere på jobb i 9 timer. Hadt ein litt tøff start på veka. No skal eg ein tur på bingo som k&f-laget skal ha. Kansje eg vinne nokre planter så eg kan få plante litt i urnene mine.

søndag 3. mai 2009

No er eg i gang, men synes det er litt komplisert å starte. Det kjem meir seinare:)